Lov 5. mai 1961 om grannegjerde (grannegjerdelova eller ggl.) høyrer under Landbruks- og matdepartementet (LMD).
Lova erstatta kapittel 1 i jordfredningslova 1860.
Dei sentrale forarbeida til lova er NUT 1955: 1 Rådsegn 1 – Om grannegjerde og om ansvar for visse slags husdyr. Førebels framlegg; NUT 1958: 5 Rådsegn 3 – Om grannegjerde. Endeleg framlegg; Ot.prp. nr. 16 (1959) Om lov om grannegjerde; Innst. O. XIII (1960–61) Tilråding frå den auka justisnemnda om lov om grannegjerde.
Den mest omfattande behandlinga av nyare dato i litteraturen er Ernst Nordtveit, Kommentar til grannegjerdelova, Norsk Lovkommentar, Gyldendal Rettsdata. Eldre litteratur om lova er Bjarne Danielsen, Gjerdeloven med kommentar, Bøndenes forlag, 1962 og Axel Hærem, Gjerdehold mellom naboer, Aschehoug, 1970. Lova er også behandla i Thor Falkanger og Aage Thor Falkanger, Tingsrett, 9. utg., Universitetsforlaget, 2022 og Elisabeth Njøsen, Nabokonflikter. Reglene for naboeiendommer og boligselskap, Cappelen Damm, 2021 kapittel 2.2.