Ola Johan Settem er førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger sidan 2016. Han har master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 2008, og avla doktorgrad (PhD) ved Universitetet i Bergen i 2015.
Settem forskar og underviser i statsrett, internasjonale menneskerettar, sivilprosesess og juridisk metode. Han har publisert bøker og artiklar om prosessrettslege og menneskerettslege spørsmål, slik som retten til ein rettferdig rettargang i følgje EMK artikkel 6 og retten til religions-og trusutøving i følgje EMK artikkel 9. Settem deltok i det regjeringsoppnemnde Medieskadelighetsutvalget frå 2019 til 2021, som mellom anna greidde ut omkring Barnekonvensjonens betyding for statleg mediepolitikk ovanfor born og unge (NOU 2021:3).
Settem har også vore dommarfullmektig i Bergen tingrett (2008-2010) og advokat i Kluge advokatfirma (2014-2016).