Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund
Førsteamanuensis, Universitetet i Bergen
Førsteamanuensis, Universitetet i Bergen
Stipendiat, Universitetet i Bergen
Lov 26. mai 1995 nr. 25 om gjennomføring av fellesregler om innenlands transport i EØS-avtalen (lov om innenlands transport i EØS-avtalen) høyrer under Samferdselsdepartementet (SD).
I 1995 kom Samferdselsdepartementet med sin Odelstingsproposisjon (Ot.prp. nr. 26 (1994–95)). Lovforslaget vart følgd opp i Innst. O. nr. 39 (1994–95) utan endringar, og lova trådde i kraft 26. mai 1995. Lova si § 3 vart endra 1. mai 2004 då lov 5. mars 2004 nr. 12 om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger (konkurranseloven eller krrl.) vart vedteken, jf. NOU 2003: 12, Ot.prp. nr. 6 ( 2003–2004) og Innst. O. nr. 50 (2003–2004). Lova si § 2 vart endra 19. mai 2005 då lov 5. mars 2004 nr. 11 om gjennomføring og kontroll av EØS-avtalens konkurranseregler mv. (EØS-konkurranseloven) vart vedteken, sjå NOU, proposisjon og innstilling i førre setning.
Lova mogleggjer gjennomføring av EØS-avtalas – Vedlegg XIII kapittel 1 om innanlands transport for sektorane jernbane, på veg og innlands vatnveg i nasjonal rett gjennom forskrift, sjå note 1 til § 1. I tillegg inneheld lova føresegn om handheving av desse reglane, sjå §§ 2 og 3.
Bakgrunnen for lova var mangelen på tilstrekkeleg heimelsgrunnlag i særlovene om transportformer til å sikre gjennomføring av EØS-avtalas fellesreglar om innanlands transport. Lova er difor ei generell gjennomføringslov som gjeld på tvers av ulike transportformer innanlands, og som fortløpande mogleggjer gjennomføring av nye EØS-rettsakter ved forskrift (nivå 2-reglar).
Lova inneheld såleis ikkje dei materielle fellesreglane for innanlands transport, men inneheld forskriftsheimel for å gjennomføre desse fellesreglane. Dei materielle reglane knyt seg til fri flyt av teneste og transportverksemd, konkurranse og statsstøtte, og omhandlar til dømes infrastruktur, grensekontroll og kombinert transport. Føremålet med fellesreglane er å etablere og sikre ein indre transportmarknad i EØS med fri flyt av transportteneste som sikrar betre ressursbruk når det kjem til kostnader og sikkerheit for transportnæringa, samt rimelegare og meir miljøvennlege transporttilbod. Regelharmonisering gjennom forbod mot diskriminering på grunnlag av nasjonalitet, forbod mot konkurranseavgrensande åtferd og ulovleg statsstøtte er sentrale verkemiddel for å oppnå denne marknadsintegrasjonen, sjå nærare St.prp. nr. 100 (1991–92) om samtykke til ratifikasjon av Avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS), kapittel 5 punkt 5.5 om transport.